Minner om Årsmøtet i Flora Turlag

Mandag 24. november kl 18:30

Årsmøtepapir finn du på arrangementet under "Turar og aktivitetar"

 

 

Dugnad

DUGNAD  - BRANDSØYÅSEN

Bli med på dugnad på stien opp til Åsen - vi kjem tilbake med tid og sted

Det vil bli eit informasjonsmøte før jul

Prosjektansvarleg Anders Espeseth 952 27 275        Anders.espeset@flora.kommune.no

Dugnadsansvarleg Jan Arve Solheim 918 17 940.     Janarve@kjconsult.no 

Les meir

Har du innspel til turar 2015?

FT Blånipa Foto E N HaugeFlora Turlag startar alt no med å innhente turforslag til neste års turar. Dersom du var med oss på tur ifjor eller har lyst til å bli med på tur og har forslag til nye turar eller turar som vi bør ta oppatt - send oss dine forslag.
Les meir

Flora Turlag har dobla medlemstalet


Astrid Kalstveit, Dagleg leiar SFT, Tone Berqvam Erdal (nummer to frå venstre) og Siv Merete Stadheim, styreleier Flora Turlag, under markeringa medlem nummer 600 i Flora torsdag 16. oktober. Også medlem nummer 6000 i fylket, Marit Anita Sunnarvik (nummer to frå høgre), var med på felles markering. Foto: Heidi Hattestein

 

Lokallaget, Flora Turlag (FT), har hatt god vekst med medlemer og har dobla medlemstalet i siste 10-års periode, melder styreleiar Siv Merete Stadheim. Laget har passert 600 medlemer, og Tone Berqvam Erdal vart medlem nummer 600  i oktober. Tone sine turinteresser er mest dagsturar til ulike fjelltoppar. Ho har delteke på turboktrimmen og syns det er kjekt å gå til plassar ho ikkje har vore før. Tone Berqvam Erdal meldte seg inn, fordi ho tykkjer turlaget gjer ein god jobb og ønskjer dei skal ha økonomi til endå meir merking av stiar, noko som gler Siv Merete storleg.
Tone Berqvam Erdal får som gåve ny OPPTUR Kysten, DNT-nøkkel og tilgang til over 500 DNT-hytter og turlagshuve. Og Siv Merete Stadheim vonar Tone skal bli endå meir inspirert til å nytte turområda lokalt og utanbygds.


Les meir

Flora Turlag har fleire turbøker i Flora kommune.

Det nærmar seg årsmøte og årsmelding og vi har behov for hjelp til å hente inn talet på kor mange som har besøkt dei ulike turbøkene det siste året.


Dersom nokon har lyst til å ta turen på nokre av desse turmåla no i fin været og kan ta seg tid til å telje - så meld seg til Astrid Eliassen, tlf 415 49 299   Vi ønskjer at talet frå der vi talde i fjor og markere i boka at her startar 2015.  Ta kontakt før du tar turen slik at vi får mest muleg rette tall.  Eg har notert dato når det blei talt i fjor  - ikkje alle bøkene har markert skilje på årstalet

 

Les meir

Nærmiljøturleiarkurs 12. til 14.september

Helga 12.- 14. september arrangerer Sogn og Fjordane Turlag nærmiljøturleiarkurs i Stardalen hyttegrend
Les meir

Dugnadsgjeng

Har du lyst og tid til å bli med på dugnad på hyttene og rutene til Flora Turlag. 

Turlaget ønskjer å ha ei dugnadsgruppe som kan hjelpe til med vedlikehald på hyttene og rutene.  Vi ønskjer å arrangere dugnadsturar for å få utført arbeidet.  

Les meir

Årets tysdags- og onsdagsturar er klare!

FT På rekke over berga med Eikefjorden i bakgrunnen Foto: Sissel StrømmenDå er den endelig her - oversikten over årets tysdags- og onsdagsturar 2014!
Les meir

Nærtur til Fagerdalen på Krokane

Kvifor reise langt når ein kan gå seg ein flott tur i nærmiljøet!? Barnas Turlag Flora hadde tur til Fagerdalen på Krokane søndag 9. februar. Det er ein tur som passar for sjølv dei minste - til og med 2 åringane kunne stavre seg frå parkeringen på Nybømarka til leirplassen i Fagerdalen.

Les meir

Kom deg ut dagen i Røvarhillaren

"Kom det så mange! Så bra med DET veret som var!". Denne og lignande kommentarar har vi fått etter Kom deg ut dagen på søndag. Når sant skal seiast vart det ei positiv overrasking for oss òg at så mange ville vere med oss i Røvarhillaren denne dagen. 

Les meir

Reforhandla rabattavtale med G-sport

Flora Turlag og G-sport Florø har reforhandla rabattavtalen.
Les meir

Tysdag- og onsdagsturar 2011

Øyane over 30. mai 2010Bli med oss på tur i nærområda rundt Florø! Her kan du få nye turvener, mosjon, flotte  naturopplevingar og inspirasjon til nye turar. I år ønskjer vi å prøve ut eit tilbod med både tysdags- og onsdagsturar. Dei vert arrangert frå april til ut august.

Les meir

Tirsdag og onsdagsturar

Rapport tirsdags- og onsdagsturar

Les meir